Åsaliv Røgeberg (12) har rolla som Putti Plutti Pott og Aya Youseff (13) er nissemor. Begge dei talentfulle jentene er elevar ved Nordstranda skule, og har hovudroller i julespelet Putti Plutti Pott.

Frå Syria til hovudrolle

13 år gamle Aya Youssef kom som flyktning til Noreg sommaren 2016. Dette året har ho rolla som nissemor i Putti Plutti Pott-framsyninga til Nordstranda skule.

– Eg har alltid likt å synge, men har berre sunge på arabisk tidlegare, seier sjuandeklassingen Aya Youssef med eit stort smil og plettfri Sandane-dialekt.

I flyktningleir
Før ho opplever si andre jul i Noreg, har ho fått ei av dei største rollene i Per Asplin sitt kjende julespel. Etter at Aya og familien flykta frå krigen i Syria, budde dei i ein FN- flyktningleir i Libanon i tre år før dei fekk opphald i Noreg. Familien er no busett på Øyrane. No både gleder og gruar Aya seg til å opptre i Trivselshagen.

– Det er litt skummelt og litt kjekt, seier ho. Nervane er under kontroll to veker før den store kvelden.

Alle klasser deltek i førestillinga, og elevane har øvd på songane i fleire veker allereie. Dei yngste syng i koret og dansar, dei eldste barna har hovudrollene i både song og dialog.

– Ein prestasjon
– Å synge solo og spele denne rolla er ein prestasjon etter så kort tid i landet, vi er imponerte over Aya, slær rektor ved Nordstranda skule, Elisabeth Sunde Andenæs fast.

Ho understrekar at rolla som nissemor er ganske krevjande, det er ei av hovudrollene med mange replikkar som skal kunnast utanav og fleire soloframføringar.

– Aya har ei nydeleg stemme og gjer ein fabelaktig innsats som nissemor. Vi er svært glade for at ho ville ta på seg oppgåva, seier Sunde Andenæs.

– Det går veldig fint med alle dei flinke songarane våre, dei klarar seg veldig godt, og står på, seier ein nøgd rektor.

Jente spelar Putti Plutti
Putti Plutti Pott vart sett opp på Nordstranda skule første gong i 2003. Dei første åra vart det framført annakvart år i gymsalen ved skulen, men det vart snart ein årviss tradisjon å setje opp julespelet i kultursalen i Trivselshagen.

I gymnastikksalen høyrer vi koret som syng, og nissar i alle aldrar førebur seg til framsyninga som nærmar seg. Ikkje alle smånissane heng med på versa, men det er full konsentrasjon og innsats under Magni Vereide Kroken si leiing.

Elevane får leggje inn ynskje om kva rolle dei vil ha, og så er det prøvesynging før Vereide Kroken set opp rollelista.

– Det er langt frå alle som har lyst til å synge solo eller framføre tekst, og så treng vi elevar til danserollene og andre oppgåver på scena, fortel Sunde Andenæs.

Jente spelar nisse
Putti Plutti Pott-rolla har gått til ei jente i år, tolv år gamle Åsaliv Røgeberg.

– Det har skjedd éin gong før, men det er lenge sidan, fortel Sunde Andenæs.

Åsaliv går også i sjuande klasse, og er songelev ved kulturskulen. Begge dei to talentfulle jentene synest at song og musikk er det kjekkaste faget på skulen.

– Eg har ønskt meg rolla som Putti Plutti Pott sidan første klasse, så det er veldig kjekt at eg fekk den, fortel Åsaliv.