Frå frukt til ferdig brennevin

Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby har bygd opp ei bedrift med utgangspunkt i ressursane på garden i Gloppen.

Gardsbrenneriet på nordsida av Gloppefjorden er historia om to kjemikarar som valde å flytte heim, ta over slektsgarden Jørnbruket på Hauge og utvikle den til noko langt meir enn ein gjennomsnittleg fruktgard i Nordfjord.

Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby er begge utdanna kjemikarar frå NTNU, og har tidlegare arbeidd innanfor næringsmiddel og oljeindustrien.

Stor produktportefølje

I 2009 flytta dei til Gloppen og overtok den tradisjonsrike fruktgarden til familien til Vik Bergstad, med tradisjonar for fruktdyrking heilt tilbake til 1800-talet. Dei starta forsiktig opp med drikkevareproduksjon i 2012, og etablerte Gardsbrenneriet i 2015.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brennevin og likørar baserte på frukt og bær blei lanserte som ei første satsing. I åra etter er produktporteføljen stadig utvida, og inneheld no eit vidt spenn av ulike alkoholfrie og alkoholhaldige drikkevarer, der dei gode råvarene står i fokus.

Dei brukar norske råvarer som eple, plommer, bringebær, rabarbra, solbær, rips, jordbær og morellar. Noko av råvarene dyrkar dei sjølve.

Auka lønsemd

Garden har også lange tradisjonar for grønsaksdyrking, og enkelte av urtene som inngår i gin- og akevittprodukta blir dyrka på gardsbruket. Mykje av frukta, bæra og urtene som vert nytta blir også levert frå lokale produsentar i regionen, eller hausta inn frå den frodige vestlandsnaturen. Heile prosessen frå behandling av råvarer til tapping av ferdig produkt skjer på garden.

– Vi har heilt sidan vi starta med tanken på Gardsbrenneriet tilbake i 2009, ønskt å bruke garden, råvarene og ressursane som finst her i Gloppen og i Nordfjord til å lage gode produkt med fokus på gode smakar, god råvareutnytting og ikkje minst å auke lønsemda til alle dei flinke bøndene vi kjøper råvarer frå, seier Jann Vestby.

Gardsbrenneriet har eigen gardsbutikk og tilbyr smaking av brennevin, sider og hard seltzer med omvising. Det er òg høve til å gå på vandring i den store, økologiske eplehagen med 4.000 epletre. Der har ein teke vare på mange gamle og lokale eplesortar.