Illustrasjonfoto.

Fotgjengar i tunnel og slåstkamp

Politiet har hatt varierande saker å hanskast med i løpet av natt til laurdag. Her er eit utdrag frå politiloggen.

02:00 Lærdal: UP avslutta laserkontroll i 70-sona på E16 ved Ljøsne. 1 fekk forenkla førelegg, høgste hastigheit blei målt til 86 km/t.

00:05 Årdal: UP avslutta laserkontroll i 80-sone. 1 fekk forenkla førelegg, farten blei målt til 101 km/t. 48 blei kontrollerte for rus, ingen utslag.

01:58 Stryn: Ein bil blei stansa og ilagd køyreforbod på grunn av manglande lys. Bilen må stå til feilen er utbetra.

02:02 Stryn: Melding om kvinneleg fotgjengar inne i ein tunnel. Patruljen fann dama og geleida henne ut av tunnelen.

01:05 Florø: Ordensforstyrring ved ein bensinstasjon. Patruljen rykka ut, snakka med dei involverte og løyste forholdet på staden.

00.39 Florø: Ein utestad ba om hjelp til å få fjerna ein rusa og kverrulerande gjest. Gjesten, ein mann i 30-åra, blei køyrd heim av politiet.

23:31 Florø: Slåstkamp mellom to personar i samband med fest på offentleg stad. Den eine personen, ein mann i 30-åra blei teken med til lege.