Det blir truleg innført eit nytt system for å berekne formuesskatt på hytter. Foto: Geir Olsen/NTB/NPK.

Forslag til nytt formuesskattesystem for hytter sendt på høyring

Eit forslag for eit nytt system for formuesskatt på fritidsbustader er sendt på høyring.

Dagens reglar for å fastsetje verdien av fritidsbustader i formuesskatten er utdaterte og lite treffsikre, ifølgje Finansdepartementet.

I dag byggjer verdiane på historiske byggjekostnader, som seinare er justerte opp med ein felles prosentsats for heile landet med ujamne mellomrom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget inneber at verdiane blir rekna ut etter dei same prinsippa som vanlege bustader. Maskinlæring, ei form for kunstig intelligens, skal gjere utrekningane.

Høyringsfristen er 7. januar 2022. Det blir teke sikte på at eit nytt system kan innførast frå 2024.

(©NPK)