Rådmann Ellen Jensen kan truleg vente seg eit hektisk kommunestyremøte i juni når ho går inn for å droppe låneopptsak til dei to planlagde hallane.

Formannskapet vil ha hallar i Jølster

På formannsskapsmøtet i dag var det handsaming av økonomiplan for 2019-2022. I den ville rådmann Ellen Jensen stoppe alle investeringsplanar framover for å få bukt med det som er store økonomiske utfordringar for kommunen.



Dermed ville rådmannen i praksis sette bom for dei to hallprosjekta i kommunen, fleirbrukshall på Vassenden og fotballhall på Skei. Forventa låneopptak i samband med desse prosjekta, inklusiv flytting av fotballbana på Vassenden, er stipulert til 69.7 millionar.

Svik

-Gjelda er det viktigaste momentet å sjå på når vi skal jobbe vidare. Å handtere noverande og framtidig gjeld er største utfordringa vår, sa rådmann Ellen Jensen då ho innleia til debatt om økonomiplanen som er alt anna enn lysteleg lesing. Det var også ein viss resignasjon å spore mellom formannskapsmedlemane, og det låg det som må kunne kallast ei dyster stemning over lokalet.

Men politikarane kom etter kvart så pass til hektene at dei fekk att munn og mæle, og det vart snakka varmt frå SP om at det skulle jobbast godt fram til kommunestyret i juni for å finne løysing på hallproblematikken, men ikkje eit ord, så langt, om korleis ei framtidig gjeld på over 4oo millionar, inklusive lån til hallar, skal handterast opp mot nedskjeringar og innsparingar som er naudsynte for å komme i balanse dei neste åra.

-Det er eit svik mot Vassenden skule om det ikkje blir noko av hallen, sa Judith Kapstad (V)som likevel såg eit håp om hall om ikkje så lenge.

-Det vil komme fleirbrukshall når vi er på plass i den nye kommunen. Vi kan ikkje humpe vidare på denne måten, det er ei skam for kommunen, meinte Venstre-representanten og synte til problematikken med gymsal og uteareal ved skulen. Kapstad stemde likevel for rådmannen sitt framlegg til økonomiplan, og dermed mot hall på Vassenden.



Mange utfordringar

Det var ikkje berre hallprosjekta som uroa rådmannen. Ellen Jensen nemnde både Astruptunet,  bygdebok og investeringar i brannvern som krev investering. Ho synte også til eit innsparingsbehov på drifta på 67 millionar dei næraste fire åra. For 2019 er det snakk on 20.9 millionar etter at nye prognosar for statlege overføringar syner at kommunen vil få to millionar meir enn først trudd. I dette ligg vedtekne innsparingar på 14.4 millionar pluss forventa differanse mellom inntekter og utgifter på 8.6 millionar, minus to millionar i endra tilskot.

- Det er  utfordrande nok med 14 millionar sa rådmannen som kom med framlegg om at det  ikkje vert gjennomført investeringar og låneopptak i økonomiplan 2019-2022. Vidare ville ho ikkje  at det vert ikkje gjort låneopptak knytt til hallprosjekt på Vassenden og Skei, at innsparingsbehov for 2019 og 2020 vert teke av bufferfond
og at innsparingsbehov for 2021 og 2022 vert dekka gjennom å ta ned tenestenivået.

Sp gjorde framlegg om ein ordlyd der investering av hallane blir med i økonomiplanen for 2018 og at bruk av disposisjonsfond og opplysningane om endra rammetilskot skal inn i økonomiplanen.



Dette fekk dei tre røystene frå Sp pluss H og Ap og dermed fleirtal. Judith Kapstad (V) og fungerande ordførar Jakob André Sandal (SV) stemde for rådmannen sitt framlegg, med tillegg likt det Sp hadde om at  bruk av disposisjonsfond og opplysningane om endra rammetilskot skal inn i økonomiplanen.

 

 

 

Sp med Ingrid Søyland, Steinar Dvergsdal og Tom Erik Sandal ville ha hallane inn i økonomiplanen og varsla framlegg på kommunestyret.
Judith Kapstad kalla planane om å stanse låneopptak til fleirbrukshall på Vassenden for eit svik mot skulen.