Sp, styrer det meste i Jølster-politikken og treng berre å få med eitt av dei andre partia før dei har fleirtal i formannskapet. Torsdag, hadde dei med seg både Kjell Navelsaker (H) og Arve Dvergsdal (Ap) for å sikre fleirtal.

Formannskapet flytta ikkje ei krone i budsjett og økonomiplan

Rådmannen i Jølster, Ellen Jensen, ville ikkje tilrå korkje økonomiplan eller investeringsplan då desse vart lagde fram for formannskapet torsdag.



Men det hadde ikkje politikarane problem med. Mot røystene til V og Sv vart både driftsbudsjett, økonomiplan og investeringsplan banka gjennom, utan at noko vart teke ut.



Medieskapt

Det vi fekk høyre i dag, frå fleire hald, var at dei økonomiske problema stort sett er medieskapte og såleis ikkje heilt reelle. Spesielt kom dette fram når det vart snakk om dei to, mykje omtala hallane.

-Hallsaka er medieskapt. Når det gjeld hallen på Vassenden må den sjåast på som ei vidareføring av skuleutbygginga. Vi har bestemt å bygge hallane, å prioritere mellom dei er ei avsporing, sa Kjell Navelsaker (H) i debatten om investeringsplanen. Han meinte vidare at skal det gjerast noko, så må det bli å prøve å gjere ting billegare.

Og på spørsmål frå Judith Kapstad (V), kunne kommunalsjef Thor Ove Farsund  opplyse om at det blir arbeidd med å få ned prisen på hallen på Skei, den einaste som så langt har fått inn pristilbod.

Ville bremse

Rådmannen hadde i sommar teke ut alt av investeringar frå økonomiplanen, noko fleirtalet i kommunestyret putta inn att, med ordre om å finne innsparingar som kunne forsvare nye investeringar. Rådmannen har ved fleire høve kalla den ein utfordrande situasjon å ta inn att både hallane, byggefelt i Smiehogen og industriområde på Moskog.

Men torsdag la ho altså fram investeringsplan med alt dette inne, og økonomiplan i balanse. Men for begge gjorde ho det klart at ho ikkje kunne tilrå det ho la fram. Til det ville konsekvensane bli for store.

Det var lagt opp slik at driftsbudsjettet skulle handsamast først, så investeringsplan og økonomiplan. Men det vart ein herleg miks der alle tre vart debatterte samtidig og der det berre var Sv og V som synte vilje til å bremse på investeringsiveren.

Tilbake til start

Judith Kapstad og V har tidlegare gått inn for å droppe begge hallane, og ho har også teke opp att tidlegare tankar om å samle begge ungdomsskulane på Vassenden. Det same skjedde på dette møtet.

-Behovet for hall på Vassenden er der og eg har tru på at den nye kommunen kjem til å realisere ting etter kvart som det blir økonomi til det. No må vi rett og slett gå tilbake til start og hente fram at økonomiplanen for juni. Vi er og har vore mot hallen på Skei. Skal det byggast ein regionhall, må den leggast til Førde. Når det gjeld skulane vil det vere ting å spare på å slå i hop ungdomsskulane. Ei slik samanslåing vil vere bra på mange måtar, sa Kapstad som ville ha med industriområdet på Moskog, men ville ha ut begge hallane. Då var det snakk om investeringsplan, men Kapstad lufta også tankane om skulesamanslåing under handsaminga av driftsbudsjettet.

-Det kjem til å komme i den nye kommunen, sa Kapstad.

-Det skal i så fall skje i Sunnfjord kommune, ikkje i Jølster, sa ein irritert Ingrid Søyland (Sp) som meinte det var utidig å komme opp att med dette som vil vere i strid med intensjonsavtalen for den nye kommunen og som kommunestyret i Jølster har parkert.

Mange gode intensjonar

Som sagt så gjekk diskusjonen om dei tre budsjettelementa inn i kvarandre sjølv om det vart gjort tre vedtak.

-Vi har auka tenestetilbodet dei siste åra, ikkje kutta, sa ordførar Oddmund Klakegg som innleiing til saka om driftsbudsjettet. Han peika også på at ingen på førehand kunne sjå dei store ekstrautgiftene som kom i sommar som konsekvens av auka utgifter til såkalla ressurskrevande brukarar.

-Mange enkeltvedtak og mange gode intensjonar et opp det som har vore av auka inntekter, sa ordføraren som også peika på kommunereforma og det faktum at alle tilsette vil merke den på eitt eller anna vis. Han peika også på vedtekne, tunge investeringar og at tertialrapportane har synt at det kan bli eit underskot på årets rekneskap på 8 mill.

-At vi budsjetterer med å ta med eit underskot inn i det nye året er spesielt, sa ordføraren som like etter fekk høyre frå rådmannen at prognosane går ut på ein auka skatteinngang på seks millionar, noko som i så fall vil redusere forventa underskot til to millionar.



Ville bremse

Sv og Jakob André Sandal har lenge sagt at det må sjåast på investeringane, noko han tok opp att på dette møtet.

-Vårt standpunkt er at vi må prioritere primæroppgåvene. Vi har tidlegare sagt at vi må setje på investeringsbremsene når vi er ferdige med dei lovpålagde oppgåvene. Det held eg fast på sa Sandal som, når det kom til investeringsplan og økonomiplan, gjekk inn for å fjerne begge hallane og fotballbana på Vassenden, noko berre Judith Kapstad støtta han i. Men han fekk eit samrøystes formannskap med på å auke eigedomsskatten slik at den blir på sju promille som generell sats og med fem på landbruk, bustad og fritidseigedomar.

Kjell Navelsaker (H) ville ha inn i driftsbudsjettet innsparingar i økonomiplanen for 2019-2022. Han meinte at å vedta budsjettet som det låg føre, ville resultere i ein budsjettsprekk for neste år på mellom fem og ti millionar.

-Det er ikkje hjelp i å skyve problema føre seg, dette skulle vore gjort før, noko vi har hevda lenge, sa Navelsaker som ikkje fekk gehør for desse kutta, men fekk moralsk støtte frå ordføraren.

-Vi skulle sett inn tiltak i 2016, men det har ikkje vore politisk vilje til det, var kommentaren frå Oddmund Klakegg.

Kommunereforma har skulda

Det slo Arve Dvergsdal (Ap) fast og meinte at alt hadde vore så mykje enklare utan kommunesamanslåing. Han peika også på den dobbelrolla mange i adninistrasjonen har for tida.

-Somme jobbar 200 prosent. Kan det bli godt nok budsjettarbeid av slikt, spurde han og slo fast at budsjettkutta kjem som konsekvens av kommunereforma.

-Det er på kanten å skulde økonomiske problem på kommunereforma, meinte Kjell Navelsaker som ikkje hadde tru på at innsparingar i helsesktoren vil vere realistisk.

-Vi har eit stort meirforbruk der i år. Men endå meir innsparingar, blir det å be om endå meir sprekk. Dette er feilbudsjettering, sa han.

Kommunestyret får siste ordet

Det vart som det brukar å vere, nemleg at formannskapet let vere å røre budsjett eller økonomiplan. Driftsbudsjettet vart samrøystes vedteke med tillegget om eigedomsskatt. Investeringsplan og økonomiplan vart vedtekne mot røystene til Judith Kapstad og Jakob André Sandal som begge ville fjerne hallane og ny fotballbane på Vassenden.

Dermed blir det opp til kommunestyret å ta det som måtte bli av endringar på dokumenta som rådmannen ikkje ville tilrå.

-Det medieskapte inntrykket av at det er hallane som tyngjer økonomien, er feil. Vi har heile tida investert i takt med auka kraftinntekter. Hadde det ikkje vore for at det er sett i gong kraftutbygging i Jølstra, hadde vi aldri gått for desse hallane, sa SP sin gruppeleiar Tom Erik Sandal. Storleiken på desse kraftinntektene i framtida, vart det litt diskusjon på. Ordføraren har snakka om 32 millionar, men det var ikkje råd å få dette bekrefta i løpet av møtet.

 

 

 

 

 

 

-

SV ville fjerne begge hallane og fotballbana på Vassenden. Judith Kapstad ville også fjerne begge hallane, men om det skal byggast fotball hall, bør den ligge i Førde meinte ho. Fleirtalet av SP, H og Ap ville ikkje røre hallane.
Rådmann Ellen Jensen fekk korkje ordførar eller fleirtalet i formannskapet med seg på at økonomiplan og investeringsplan får for store konskvensar for drifta.