Politibil: N/A

Føreslår å leggje ned femti distriktsarbeidsplassar

– Der sit det ein god del tilsette som vi meiner ikkje har nokon funksjon lenger.

Politiets Fellesforbund opplever at alle dei som jobbar med lønn og rekneskap i Kristiansund ikkje har nok å gjere.

I 2017 blei Politiets lønns og rekneskapssenter oppretta i Kristiansund der det jobbar rundt 50 tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

I ei høyring om statsbudsjettet i justiskomiteen foreslår Politiets Fellesforbund no å leggje ned senteret for å styrkje grunnberedskapen og auke vidareutdanninga.

– Der sit det ein god del tilsette som vi meiner ikkje har nokon funksjon lenger i politiet. Der kan ein finne ganske mange millionar som kan omdisponerast og brukast til noko anna, seier Unn Alma Skatvold, leiar i Politiets Fellesforbund til NRK Møre og Romsdal.

Avdelingsleiaren på kontoret i Kristiansund kjenner seg ikkje igjen i det som Skatvold påstår. Ho er klokkeklar på at det er eit stort behov for dei.

– Dei oppgåvene vi utfører her er heilt nødvendige og lovpålagde. Viss ikkje vi skal gjere dei her så må nokre andre gjere dei, og då er det ikkje noko å spare på det, seier Marit Reitan.

(©NPK)