Kredittkortgjeld som ikkje er forfalle til betaling, såkalla ikkje-renteberande, auka med 0,9 milliardar kroner (3,2 prosent) og utgjer 29 milliardar kroner. Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold/NTB/NPK.

Forbruksgjelda til nordmenn auka med 1,7 milliardar i første kvartal

Forbruksgjelda til nordmenn auka med 1,7 milliardar i første kvartal og er no på 162,1 milliardar kroner.

Berre den siste månaden har forbruksgjelda auka med 0,9 milliardar kroner (0,6 prosent), viser nye tal frå Norsk Gjeldsinformasjon.

I same periode auka bruk av kredittkort med 0,6 milliardar kroner (0,8 prosent).

Artikkelen held fram under annonsen.

Kredittkortgjeld som ikkje er forfalle til betaling, såkalla ikkje-renteberande, auka med 0,9 milliardar kroner (3,2 prosent) og utgjer 29 milliardar kroner. Den renteberande kredittkortgjelda fall med 0,2 milliardar (-0,5 prosent) og utgjer 42,7 milliardar.

Svein Ove Karstensen, som er dagleg leiar i Norsk Gjeldsinformasjon, seier betaling med kredittkort står for den største auken i forbruksgjelda.

– Mykje av denne gjelda vil forfalle til betaling i midten av april, og det er då viktig at folk betaler det dei har uteståande for å unngå høge rentekostnader, seier Karstensen.

Dei siste tolv månadene har forbruksgjelda auka med 8,8 milliardar kroner (5,7 prosent). (©NPK)