Den foreslåtte grunnrenteskatten i havbruk får relativt stor støtte i ei ny meiningsmåling. – Det er sjølvsagt bra, seier fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap). Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Folk er stort sett positive til grunnrenteskatten, ifølgje meiningsmåling

Den foreslåtte grunnrenteskatten i havbruk får relativt stor støtte i ei ny meiningsmåling.

Men dei yngre har ikkje gjort seg opp ei meining, og det er i Nord-Noreg folk er mest negative til skatten, viser undersøkinga instituttet InFact har gjort på vegner av IntraFish/Fiskeribladet.

– Det er sjølvsagt bra at ein stor del støttar forslaget vårt om at delar av dei store overskota i norsk havbruksnæring skal falle til vertskommunane og det store fellesskapet, seier fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) til IntraFish.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fagsjef Knut Weberg i InFact seier det geografisk er fleirtal for grunnrenteskatt i alle område.

– Det er ikkje så store forskjellar, men eg vil trekkje fram Nord-Noreg. Der er 40 prosent for, medan 34 prosent er mot. Men framleis er ein signifikant del positive til grunnrenteskatt, også i Nord-Noreg. På Vestlandet ser ein omtrent det same biletet, seier han.

Kommunikasjonsdirektør Kristin Langeland i Sjømat Norge trur dei fleste ser på ei meirskattlegging av havbruk som positivt i dagens Noreg.

– Samtidig trur eg folk flest er opptekne av at alle skattereformer må skje i form av ein klok og grundig prosess, som sikrar at skatteendringane ikkje har negative konsekvensar, seier ho i ein kommentar. (©NPK)