MF Årdal på Lote-Anda. Illustrasjonsfoto.

Følgjer børsprosessen i Fjord1

Før helga vart det kjent at majoritetseigarane i Fjord1, Havilafjord AS, ynskjer å børsnotere selskapet. Fylkeskommunen sitt holdingsselskap for Fjord1, F1 Holding AS, har ikkje ei eiga meining om dette er bra eller ikkje for selskapet, skriv dei i ei melding.

– Dette er noko F1 Holding har vore kjend med ei tid, og vi har orientert fylkesordførar Jenny Følling fortløpande om utviklinga i saka, og ho har igjen informert fylkesutvalet, skriv Aleksander Heen, styreleiar i F1 Holding i meldinga.

– F1 Holding AS har inga sjølvstendig formeining om ei børsnotering vil vere bra eller dårlig for Fjord 1. Den vurderinga ligg til styret i Fjord 1. Vår oppgåve er å ivareta Sogn og Fjordane fylkeskommune sine interesser, og sørgje for at fylkeskommunen får det oppgjeret som er avtalt med Havilafjord og som eit samrøystes fylkesting har godkjend, skriv Heen.

– Spørsmålet om regionalt eigarskap har vore eit tema, og det var også ein viktig føresetnad for at fylkestinget vedtok sal. Vi meiner dette vilkåret ikkje er tilstrekkeleg oppfulgt då Havilafjord ikkje har involvert F1 Holding i dette arbeidet. Dette er noko vi vil jobbe vidare med, skriv han vidare.

– Vi følgjer utviklinga i saka tett, og vi vil nytte dei verkemiddel som ligg i avtaleverket for å sikre at Sogn og Fjordane fylkeskommune får det oppgjeret som er avtalt mellom partane og at avtaleverket elles vert følgd, skriv Aleksander Heen i meldinga.