Dei tre deltakarane i rangert rekkefølgje frå venstre: Geir Vie og Løkke Linnea, Monica Gjøringbø og Larstun Tårdis, Torill Øvrebø og Nesviks Triana.

Føla var flotte, men altfor få

– Bortsett frå for to-tre år sidan, då det ikkje vart gjennomført følsjå, er dette det lågaste deltakartalet vi har hatt, seier leiar i Midtre Nordfjord Fjordhestlag, Else Løkke.

Laurdag var det følsjå og markering av Midtre Nordfjord Fjordhestlag sitt 90-års jubileum på Fjordhestgarden i Breim. Tre flotte fjordhestføl og eitt dølahestføl var med på sjået, men det skulle ha vore så mange fleire. Den dårlege deltakinga gjenspeglar dei kritisk låge fødselstala for fjordhesten.

– Det er eit paradoks at hestetalet har vore i sterk vekst i Noreg dei siste ti åra, medan dei nasjonale hesterasane er truga av låge fødselstal. I år er det registrert berre 73 fødde fjordhestføl, seier Else Løkke.

Ho eig sjølv eitt av føla som vart stilte laurdag, og meiner fjordhesten må marknadsførast betre om ein skal klare å snu den negative trenden.

Les meir i papirutgåva måndag.