Faksimiler: Internasjonale medier har fått øynene opp for at Norge og Kystverket skal bygge verdens første fullskala skipstunnel.

– Flytt deg Suez, her kjem Stad skipstunnel

Etter at det vart formelt klart at Kystverket skal bygge den første fullskala skipstunnelen i verda, har internasjonale medier kastet seg over nyhehende.



– Når den britiske storavisa The Guardian køyrer tittelen: «Move over Suez, hello Stad – Norway to build world’s first tunnel for ships» så må vi jo smile litt. Men det seier også litt om korleis prosjektet vert oppfatta internasjonalt. Dette er ei nyvinning, og noko verda ikkje har sett make til, forklarar prosjektleiar for Stad skipstunnel i Kystverket, Terje Andreassen.

Han har no børsta støv av så vel skuleengelsk som tysken for å gje intervju via alle tilgjengelege kanalar.

Dei fleste går via e-post, telefon eller Skype, men det er også sett opp tur til Stad for tv-intervju med det tyske fjernsynsselskapet ZDF.

Kystverket har til nå registrert saker publisert av store media i Danmark, Spania, Storbritannia, USA, Tyskland, Brasil, Argentina, Nederland, Sverige, Italia, Russland, Namibia, Nigeria, Mexico, Australia – for å ha nemnt nokre.

Nokre nettsteder har lista dei viktigaste internasjonale nyhenda frå den siste veka, og har der funne plass til realisering av den første fullskala skipstunnel i verda.  

– Det er ikkje tvil om at skipstunnelen som konstruksjon og attraksjon er noko som fengar, men i Kystverket er vi opptekne av å få fram at sjøtryggleikssaspektet ved bygginga er viktigast, og at målsettinga med prosjektet er å gjere det enklare og tryggare å kome fram for sjøtransporten forbi Stad, understrekar Andreassen

Kva som vert publisert i det som vert omtalt som tradisjonelle medium er ein ting. Det som gjer at saka når ut til så mange er naturleg nok omtalar og presentasjonar som vert gjort på nett og i sosiale medium.

Spesielt i sosiale medium når saka ut. World Economic Forum (WEF) er ein av mange som har laga eigen filmpresentasjon av prosjektet, basert på Kystverket sine bilete, filmar og illustrasjonar. På Facebook har filmane til WEF hatt over to millionar visningar, 18 000 delingar, 18 000 likarklikk og fått 563 kommentarar.

CNN har også en eigenprodusert presentasjon basert på Kystverket sitt materiale, og dei har på under eitt døgn generert 1,5 millionar visningaar, 12 000 delingar, 563 kommentarar og 26 000 likarlikk.


 

 
• • • • • • • • • • • • • • • • • •
Aktuelt frå heimfylket?

– Følgjer du Firda Tidend på Facebook får du siste nytt rett på FB-sida di.