Eit fly frå Norwegian lettar frå flyplassen på Gardermoen utanfor Oslo. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB.

Flypassasjeravgifta blir innført igjen

Frå 1. juli blir det dyrare å fly når flypassasjeravgifta blir innført igjen.

Det var mykje diskusjon rundt avgifta då ho vart innført av Solberg-regjeringa i 2016.

I mars 2020 vart avgifta fjerna mellombels for å hjelpe flyselskapa under pandemien. Opphavleg skulle dette berre vare til 31. oktober 2020, men seinare har perioden vorte utvida i fleire omgangar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Støre-regjeringa planla eigentleg å innføre avgifta att ved årsskiftet, men dette vart utsett til 1. juli etter at omikronviruset førte til nye nedstengingar.

I revidert nasjonalbudsjett, som vart lagt fram torsdag, gjer regjeringa det klart at det ikkje blir nye forlengingar i avgiftskuttet.

Regjeringa reknar med at staten har gått glipp av inntekter på 880 millionar kroner ved å kutte avgifta fram til 1. juli.

Flypassasjeravgifta har to satsar i budsjettet for 2022, éin låg og éin høg. Den låge er på 80 kroner per passasjer og blir lagd på alle flyreiser til Noreg og Europa. Den høge satsen er på 214 kroner og blir lagd på alle flyreiser til resten av verda.

Regjeringa har tidlegare varsla at dei vil leggje fram ein ny strategi for norsk luftfart til hausten. Då er eit av måla å erstatte flypassasjeravgifta med ei ny avgift.

I målsetjinga til regjeringa heiter det at den nye avgifta skal ha ein «reell klimaeffekt og bedre geografisk profil». (©NPK)