Dei store vass- og flaumskadane som dei siste dagane særleg har ramma Voss, ligg førebels på rundt 100 millionar. Vosso er så stor at ho ikkje er langt frå å komme opp på jernbanelinja mellom Evanger og Voss. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

Flest flaumskadar i Voss – ligg førebels på 100 millionar

Dei store vass- og flaumskadane som dei siste dagane særleg har ramma Voss, utgjer førebels rundt 100 millionar kroner, ifølgje Finans Norge.

Vatnet har trekt seg tilbake, og så langt er det rapportert om rundt 200 forsikringsmelde skadar på bygningar og innbu frå heile fylket, viser tal frå Finans Norge og Norsk Naturskadepool.

– Så langt er erstatningane på rundt 100 millionar kroner, viser anslaga våre, men dette kjem til å endre seg når fleire får oversikt over skadane og melder dei inn til forsikringsselskapet sitt. Vi er framleis i ein tidleg fase, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge til NTB. (©NPK)