I ei fersk undersøking svarer 59 prosent at dei er positive til å bruke munnbind, medan 30 prosent meiner koronatiltaka i kommunen deira bør aukast. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun/NTB/NPK.

Fleirtal for nye tiltak og meir munnbindbruk i ny undersøking

Noreg er prega av ny rekordsmitte og i fleire byar er det innført tiltak. Ei fersk undersøking viser at fleire er positive til nye tiltak og meir munnbindbruk.

I undersøkinga Norsk koronamonitor frå Opinion svarer 30 prosent at dei synest at omfanget av koronatiltak i kommunen deira bør aukast, noko som er høgast på eitt år.

Berre 11 prosent seier at tiltaka må reduserast. Resten meiner det bør vere som i dag, eller dei veit ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig seier seks av ti nordmenn (59 prosent) så langt i november at dei er positive til munnbindbruk i Noreg. Dette er ein auke på 13 prosentpoeng frå oktober.

Så langt i november seier òg 53 prosent at dei ønskjer å teste seg framover, medan 26 prosent seier nei. Resten veit ikkje.

31 prosent av dei spurde seier at dei er bekymra for å bli smitta, medan 41 prosent ikkje er det.

Samtidig svarer 51 prosent av dei spurde at dei er bekymra for at nokon i familien blir smitta, noko som er 8 prosentpoeng høgare enn i oktober.

(©NPK)