Det er framleis mange rasfarlege vegar i Noreg, og SV, Høgre og Frp vil ha ein forpliktande plan for å skredsikring. Her frå eit ras på E16 ved Bolstadtunnelen i Hordaland. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

Fleirtal for fleire rassikring-tiltak

Betre sikkerheit på rasfarlege vegar er målet med fire forslag som SV, Høgre og Frp har vorte samde om i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Det litt uvanlege fleirtalet kjem av at regjeringspartia har gått mot fleire av forslaga, skriv Nationen.

– Det viktigaste for oss er trygge vegar over heile landet. Denne gongen var det vanskeleg å få med regjeringspartia på alt som skal til for å få til det, då snur vi oss dit vi må, skriv Mona Fagerås, transportpolitisk talsperson i SV, i ein e-post til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

I forslaga ber partia mellom anna regjeringa følgje opp Statens vegvesen slik at alle relevante prosjekt blir vurderte ut frå to sikringsnivå, og at det skal utarbeidast eit innovasjonsprogram for skredsikring. (©NPK)