Fleire vegar vart sperra av tre i Kinn – to menn arresterte

Foto: Politiet.

To menn er arresterte for trefelling som har plaga bilistar og ført til minst éi ulykke i Kinn i Vestland. Ein potensielt livsfarleg spøk, meiner politiet.

Natt til søndag hamna tre bilar i ei ulykke som følgje av at eit tre var saga over med motorsag og lagt over riksveg 5 Florøvegen i Kinn kommune. Også tidlegare same kveld hadde politiet oppdaga liknande tilfelle av tre som var saga over og lagde over vegbana, mellom anna på riksveg 614 mellom Magnhildskartunnelen og Grov.

No er to unge menn arresterte for det politiet tidlegare har karakterisert som ein spøk som fort kunne kosta menneskeliv. Dei er sikta for brot på paragraf 3 i vegtrafikklova, skriv Fjordenes Tidene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den eine mannen er i slutten av tenåra, og den andre er i 20-åra. Politiet vil førebels ikkje seie noko om motiv, men seier dei to mennene høyrer heime i Kinn kommune.

Også på den kommunale vegen opp til Klauvene i Kinn kommune og på skytebanen ved Grovastøylen er det funne tre som ser ut til vere felt på ein slik måte at dei skal sperre vegen, skriv Firdaposten.

Politiet vurderer no om dei to mennene skal framstillast for varetektsfengsling. (©NTB)