Synnøve Grov leiar Psykisk helseteneste i Gloppen.

Fleire ungjenter slit psykisk

Psykisk helseteneste i Gloppen får stadig fleire klientar. Det er nær fem gonger så mange kvinnelege som mannlege brukarar. Aldersgruppa frå 7 til 17 år er klart størst når ein ser begge kjønn under eitt.


Synnøve Grov er leiar av Psykisk helseteneste. Elleve tilsette fordelt på 7,64 årsverk hjelper personar gjennom akutte kriser, vanskelege livssituasjonar og langvarige psykiske lidingar.

Lågterskeltilbod

Gruppa får stadig meir å gjere. Tal viser at spesielt unge menneske og unge jenter og kvinner i aukande grad treng hjelp frå profesjonelle for å meistre livet. Grov er utdanna sosionom, og i Psykisk helseteneste jobbar det fagfolk med helsefagleg bakgrunn som barnevernspedagog, sjukepleiar, ergoterapeut og vernepleiar. Ein dag i veka er ein psykolog med i gruppa.

– Vi er eit lågterskeltilbod, ein treng ikkje tilvising for å kome til oss. Nokre tek kontakt sjølv, av og til er det pårørande, vener, lærarar eller rådgjevarar som tek kontakt med oss. Psykisk helseteneste tilbyr samtalar og kartlegging av situasjonen, samtalar med pårørande, hjelp til å organisere kvardagen og hjelp til å søkje vidare behandling og samarbeid med andre. Vi kan til dømes ikkje skrive ut reseptar, men vi kan vise vidare til lege, fortel Grov.

Hybelbuarar slit

Sjølv om det er menneske i alle aldersgrupper som er registrerte som brukarar av Psykisk helseteneste, skil nokre grupper seg ut.

– Mange hybelbuarar har det vanskeleg, og er ikkje modne for ta vare på seg sjølv og strukturere dagane slik ein må når ein skal bu åleine. Dei treng dagleg omsorg frå vaksne enno, rett og slett ei hand å halde i. Om ein er ekstra sårbar, kjem det gjerne fram når ein må klare seg sjølv. Ikkje alle finn seg til rette. Om ein slit med noko, går det gjerne utover søvnmønster og skulearbeid. Forholdet til mat kan bli vanskeleg, og det kan utvikle seg eteforstyrring. Vi ser at sosial tilbaketrekking eller risikoåtferd kan vere teikn på at menneske uansett alder ikkje har det bra, seier Grov.

I 2018 var til saman over 100 brukarar inne i systemet, i 2017 var talet litt under 80, og i 2016 var det 60. Av 100 brukarar i år er nesten 80 kvinner. Talet på menn har halde seg rundt 20 sidan 2014, medan talet på kvinner har stige frå vel 30 i 2014 til nesten 80 i 2018.

Barndom i kommentarfeltet

I dag har seksåringar tilgang til smarttelefonar, og unge brukar sosiale medium aktivt nesten alle vakne timar. Det er ikkje berre positivt, meiner Grov.

– Ungdommar kan få problem med å lese sosiale situasjonar fordi dei er vande med å vere tilkopla sosiale medium. Og så har dei ein kvardag der dei aldri veit når det vert tatt bilete eller kva tid bilete og anna vert lagt ut på nett. Det skjer ein del uheldig kommunikasjon i sosiale medium. Det kan vere at andre kommenterer deg, eller at ein kjenner på utestenging eller manglande popularitet. Dette er ikkje bra, og kan gje alvorlege konsekvensar. Det skapar utryggheit, meiner Grov.

Speling online er ho mykje meir positiv til.

– Kontakt med dei ein spelar med er positivt, og kan vere bra for dei som ikkje er så sosialt aktive. BLAN i Breim er eit flott døme på at dette kan vere ein kjekk og sosial aktivitet. Men for dei yngre barna gjeld det her som på andre område at foreldre må tore å ta upopulære val så det ikkje vert for mykje, understrekar Grov.

Herresida kjem etter

Ho trur at sjølv om det er fleire jenter og kvinner som søkjer hjelp, treng også gutar og menn hjelp og støtte.

– Jenter pratar meir om vanskelege ting enn gutar. Jenter har kanskje vore meir sårbare for det dei opplever som press om å vere perfekt på alle område, men gutane kjem etter. Eg skulle ønskje at ungdomane gav litt meir blaffen i alle «krav» om å ha ein veltrent kropp og skulle strekkje seg i alle retningar. Det er mykje uheldig påverknad som eg gjerne skulle sett dei slapp. Det er vår oppgåve som vaksne å lære dei å forstå at det dei ser på bloggar, YouTube, filmar og nett er eit glansbilete, ikkje verkelegheit. Vi ser òg at tøffe barneår ofte viser seg seinare i livet. Å førebyggje er uansett det viktigaste, luraste og ikkje minst billigaste ein som samfunn kan gjere.

Grov trur òg at endra familiemønster kan forklare kvifor nokre ungdommar slit.

– Nokre unge får psykiske vanskar etter samlivsbrot mellom foreldra. Dette viser seg gjerne i ungdomstida.

Godt vaksne treng òg hjelp

Den nest største gruppa i brukarstatistikken er eldre i alderen 67-89 år.

Psykisk helse har tjenester som dagtilbod, støttekontaktordning og hukommelsesteam. Psykisk helseteneste samarbeider med Nav om å leggje til rette for arbeidstilbod der det er aktuelt.

– Vi ser at det er lettare å ta tak til yngre den personen vi skal hjelpe er. Men vi ser at vi kan hjelpe, uansett alder. Det er veldig gledeleg når vi kan bidra til ei positiv utvikling ved å bryte mønster, skaffe rett hjelp eller hjelpe til med å organisere kvardagen slik at livet vert lettare. Det er bruk for oss. Om ein ser samfunnsøkonomisk på det, er det å få hjelp og støtte tidleg fornuftig og sparar fellesskapet for store utgifter og den enkelte for lidingar og ei uheldig livsutvikling.