Fleire smitta i Stad

Det er no totalt 13 personar som er smitta av covid-19-viruset i Stad kommune.

– Måndag 8. mars har ein fått svar frå Helse Førde på 52 covid-19-prøver som vart tekne søndag. Svar viser at fem nye personar har testa positivt for covid-19. Av desse er tre personar i same husstand som frå før hadde seks smitta personar. I tillegg har ein lærar og ein elev ved vaksenopplæringa på Nordfjordeid fått påvist smitte. Begge desse er nærkontaktar til eleven som tidlegare har fått påvist smitte ved vaksenopplæringa, skriv kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding måndag kveld.

I Stad kommune har no til saman 13 personar fått påvist smitte i samband med utbrotet. Ni av desse personane er i same husstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blant dei som måndag har fått påvist smitte er ein elev i ei ny klasse ved Nordfjordeid skule og ein elev i ei klasse på Eid Ungdomsskule. Alle elevane i desse to skuleklassane vert definerte som nærkontaktar og vert sette i karantene. Kommunen kontaktar i kveld føresette til dei elevane dette gjeld. Elevane vil verte testa tysdag. Svar på denne testen vil ligge føre onsdag kveld. Alle som er i same husstand som elevane, er også bedne om å vere i karantene til negativt testresultat for eleven ligg føre. Same prinsipp om «ventekarantene» er også nytta omkring andre nærkontaktar i samband med utbrotet så langt. På Eid Ungdomsskule vil også elevar i dei andre klassene på same årstrinn verte kalla inn til testing tysdag, og desse elevane må vere i ventekarantene fram til dei har fått negativt svar på denne testen, skriv kommuneoverlegen.

Alle dei påviste smittetilfella i saka kan koplast til kvarandre, men ein har framleis ukjent smitteveg til opphavet til utbrotet. Det er ikkje kome svar på om det dreiar seg om ein mutert virustype.

Avhengig av testresultat og vidare kartlegging dei komande dagane, vil kommunen fortløpande vurdere behovet for ytterlegare smitteverntiltak.

Alle vurderingar om bruk av karantene og andre smitteverntiltak i samband med utbrotet, vert gjort i samråd med Folkehelseinstituttet.

Kommunen har testa omkring 170 personar måndag. Ein held fram med omfattande testing tysdag.

– Måndag kveld er til saman omkring 200 personar i karantene. I tillegg kjem omkring 65 elevar ved Eid ungdomsskule og eit større tal husstandsmedlemer som er i «ventekarantene» dei næraste dagane.