Nye smittetilfelle i Gloppen tysdag

Utbrotet av koronasmitte i Gloppen kommune held fram.

Fram til måndag var det registrert 14 tilfelle.

Tysdag har kommunen så langt bokført to nye tilfelle, begge born, opplyser kommunedirektør Anders Skipenes til Firda Tidend i 12-tida.

– I og med at det er eit såpass høgt tal nærkontaktar, ventar vi fleire smitta og nærkontaktar framover, men vi har rimeleg god oversikt, seier han.