NRK har snakka med fleire konsulentar som har levert naturutgreiingar på oppdrag frå utbyggarar, der dei opplever å bli påverka av omsynet til utbyggarane. Arkivfoto: Beate Haugtrø/NPK.

Fleire konsulentar meiner systemet påskjønner dei som finn minst natur å ta vare på

Ei konsekvensutgreiing av naturpåverknad i utbyggarsaker skal vere uavhengige, pålitelege og nøytrale. Men fleire konsulentar NRK har snakka med, meiner systemet påskjønner dei som finn minst mogleg natur å ta vare på.

NRK har snakka med i alt 13 konsulentar i ulike firma som har levert naturutgreiingar på oppdrag frå utbyggarar i fleire bransjar. Berre ein av desse seier seg heilt upåverka av omsynet til utbyggarane, skriv NRK.

I byggesaker er det utbyggar sjølv som skal undersøke kva konsekvensar utbyggingsplanane kan få for naturen. For å greie ut konsekvensane, leiger dei inn private konsulentfirma. Sjølv om konsekvensutgreiinga skal vere uavhengig, påliteleg og nøytral, meiner fleire av konsulentane kanalen har snakka med, at systemet påskjønner dei som finn minst natur å bevare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av dei NRK har snakka med, er biolog og eks-konsulent Tor-Amund Røsberg. I ei byggesak der han hadde greidd ut om naturen, tok utbyggar kontakt og spurde om det verkeleg var nødvendig å ta med alle dei raudlista artane i rapporten, noko Røsberg svara ja på. Han har òg opplevd at utbyggar gjekk inn og endra ordlyden i ein rapport.

– Systemet føreset at utgreiarane ikkje lar seg påverke av oppdragsgivaren, seier professor i naturforvalting Øystein Aas ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), til NRK.

(©NPK)