Norske kommunar førebur seg på å ta imot mange ukrainske flyktningar framover. Her frå Nasjonalt mottakssenter i Råde, der UDI og fleire andre aktørar prøver å hjelpe dei mange som kjem. Foto: Javad Parsa/NTB/NPK.

Fleire kommunar ber om utsett frist for å busetje ukrainske flyktningar

Førebels har kommunane sagt ja til å busetje over 23.000 flyktningar. Det er 11.000 færre enn Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har bede om, skriv VG.

81 kommunar har enno ikkje svart på kor mange dei kan busetje. 60 kommunar har bede om utsett frist, ifølgje arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap).

– Dei fleste har sagt ja til å ta imot det talet dei er bedne om å ta imot, seier Persen seier til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at dei reknar med å nå målet om å busetje 23.000 flyktningar.

Nokre kommunar seier dei kan ta imot fleire enn dei blir bedne om, medan andre varslar at dei kan ta imot færre.

Mangel på nok skule- og barnehageplassar, kommunale bustader, tolkar, lærarar, legar med meir blir peika ut som årsaker til at mellom anna Ulvik kommune seier dei ikkje kan ta imot så mange som dei er bedne om. Ordføraren legg til at det kan vere at dei kan ta imot fleire på sikt. (©NPK)