Det er billigare å kjøpa Widerøe-billettar til distrikta enn tidlegare. Etter priskuttet som mange trudde var ein 1. april-spøk, er det fleire som bestiller billettar. Foto: Paul Kleiven/NTB/NPK.

Fleire kjøper flybillettar etter priskutt

Etter at prisen på Widerøe-flygingar i distrikta blei halverte, er det fleire som bestiller reiser.

– Halvering av maksimalprisen på anbodsrutene er gode nyheiter for alle dei som er heilt avhengige av fly som kollektivtransport. Me registrerer ei endring i bestillingsmønsteret etter reduksjon av maksimalpris, seier administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe, melder NRK.

Flyprisane i Distrikts-Noreg blei halverte frå 1. april, og sidan har salet på rutene auka med 33 prosent. Førre månad auka salet med 40 prosent, rapporterer Widerøe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Samtidig som at maksimalprisen er redusert har også kapasiteten auka, og me er spente på å følgja utviklinga framover, seier Nilsen. (©NPK)