I fleire landsdelar blir det rapportert om at fleire «vanlege familiar» med fast jobb og hus også har vanskar med å betale for idrettsaktivitetar til barna. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Fleire familiar har vanskar med å betale idrettsaktivitetar til barna

Mange idrettskubbar fortel at dei har fleire hundre tusen kroner uteståande i medlemskontingentar og treningsavgifter. No er det også «vanlege familiar» som har vanskar med å betale for idrettsaktivitetane til barna.

Idrettsleiarar varslar om ein urovekkjande trend. No har «vanlege folk» også vanskar med å betale for idrettsaktivitetane til barna, for no kjem også familiar med fast jobb og hus med ei bønn om hjelp, skriv NRK.

I fleire landsdelar blir det rapportert som eit aukande problem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skjer samtidig som tal frå Gjeldsregisteret denne våren har vist at forbruksgjelda aukar i Noreg. Samtidig har også talet på inkassosaker gått opp. Idrettspresident Berit Kjøll ser at situasjonen har eskalert kraftig. Ho kallar det ei familieøkonomi-krise.

– Vi har behandla denne problemstillinga ved fleire høve og vi følgjer det nøye opp. Ein ting er kva vi gjer opp mot styresmaktene. Ein annan ting er kva idretten sjølv gjer, seier Kjøll til NRK.

Ho påpeikar at ho utfordrar leiarane av dei ulike særforbunda på kva dei gjer med økonomi som barriere i idretten sin. Kjøll framhevar at dei har eit system der forbund som jobbar aktivt med dette, får tildelt meir pengar.

– Dette handlar ikkje om å peike på kvarandre. Vi har alle eit felles ansvar for at alle barn og unge faktisk får delta i idrett, seier Kjøll. (©NPK)