Delen elevar som opplever mobbing, aukar på alle trinn, viser Elevundersøkinga 2022. Foto: Frank May/NTB/NPK.

Fleire elevar blir mobba i skulen

Over åtte av ti elevar trivst på skulen, men andelen elevar som opplever mobbing, aukar på alle trinn. Det viser tal frå Elevundersøkelsen 2022.

Fredag offentleggjorde Utdanningsdirektoratet funn frå Elevundersøkelsen 2022. Undersøkinga viser at det har vorte meir mobbing i skulen samanlikna med 2021 – og mobbetala i skulen aukar på alle trinn.

Mobbing er mest utbreidd blant dei yngste elevane. På 7. trinn svarer 10 prosent at dei har vore utsette for mobbing, medan delen på VG1 er 4 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Undersøkinga viser ein svak nedgang frå år til år sidan 2016 i trivsel og motivasjon på 7. trinn. Denne nedgangen ser ein også i 2022.

– Desse problema må vi ta tak i før dei blir til større utfordringar seinare i utdanningsløpet, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i ei pressemelding.

Sjølv om dei fleste elevar trivst på skulen, seier Brenna at ho ser med bekymring på nedgangen i motivasjonen til elevane og opplevinga deira av skulemiljøet.

– For mange elevar går framleis ut av ungdomsskulen med resultat som kan gjere vegen vidare krevjande, seier kunnskapsministeren.

Om lag 460.000 elevar svarte på undersøkinga. (©NPK)