Nyleg avgådd redaktør Erling Wåge og redaksjonssjef Svanhild Breidalen tok imot prisen som Årets lokalavis på vegner av Fjordenes Tidende. Foto: Torill Henriksen, Medier24.no.

Fjordenes Tidende er Årets lokalavis

Fjordenes Tidende er kåra til Årets lokalavis. Utdelinga av den gjæve avisprisen fann stad på Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Ålesund laurdag kveld.

Juryen uttaler mellom anna at «heia fram av inkluderande leiarar har ein hardtarbeidande redaksjon og ei kreativ salsavdeling levert resultat som står seg mot kven det måtte vere.»

Juryen rosar Fjordenes Tidende for måten dei dyrkar fram dei nye formata med podkast, streaming, studiosendingar og aktiv bruk av sosiale medium. Avisa får skryt for å prioritere nett, samtidig som papiravisa blir opplevd som eit premiumprodukt som veg tungt både i innhald og i handa. Juryen er også imponert over mangfaldet i avisa sin kjeldebruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjordenes Tidende kjem ut i Måløy og dekker Kinn, Bremanger, Stad og delar av Vanylven kommunar. Lokalavisa har eit opplag på 4587.

I konkurransen om Årets lokalavis fekk Kulingen og Vest-Telemark blad heidarleg omtale.

I tillegg til kåringa av Årets lokalavis, delte LLA laurdag kveld også ut følgjande hovudprisar:

Årets lokalavisfoto: Elias Dahlen, Hallingdølen

LLAs markedspris: Hordaland Folkeblad

LLAs journalistprisar: Hallingdølen og Sara Finne med kollegaer i Avisa Hordaland

Årets digitale satsing: Frostingen

Årets lokalavisside: Hallingdølen

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag fekk Hilde Dypaune, tidlegare Saltenposten i Fauske, LLAs hederspris.