Fjell Finn er klar til å yte sine tenester. Monica Gjøringbø og Jan Erik Fløtre håpar på større interesse for fjordhestføl.

Fjell Finn er klar

Bedekningstala for fjordhesten er låge. Det vil lagshingsten Fjell Finn gjerne gjere noko med. No ventar han hoppebesøk på Norsk Fjordhestgard.

Fjell Finn vart stilt som fireåring under hingsteutstillinga på Nordfjordeid dette året. Der vart han kåra og nummer ein i kvalitet og kan med rette kallast ein staskar. Han er eigd av Ann Karin Høgalmen i Stryn, men innleigd til å vere lagshingst i Sunnfjord Fjordhestlag.

Låge tal
– Fjell Finn er ein fin hingst med godt gemytt, grei og roleg å ha med å gjere, seier dagleg leiar ved Norsk Fjordhestgard, Monica Gjøringbø.

Interessa for fjorhestføl har vore laber dei siste åra, og bedekningstala er låge. No står Fjell Finn hos Norsk Fjordhestgard, klar til å yte sine tenester.

– Fjell Finn er den einaste lagshingsten som står til bedekning i Sogn og Fjordane, fortel Gjøringbø. Dei andre hingstane står i privat eige rundt om.

– Det er trist at Fjell Finn er den einaste lagshingsten, men bedekningstala er låge, seier ho. Statistikken frå Norsk Hestesenter frå 2013 viser 195 bedekningar på landsbasis. I fjor var det ein liten auke til 205.

Håpar på auke
Tre år tidlegare var det 278 i følgje ein statistikk frå Norsk Fjordhestlag. Mange fjordhestfolk har uttrykt uro over den minkande interessa for fjordhestføl.

Fjell Finn har vore på Norsk Fjordhestgard ei stund og har allereie vore brukt på seks hopper.

– Vi veit også at 15 eigarar ønskjer at hoppa deira vert bedekt, legg styreleiar i Norsk Fjordhestgard, Jan Erik Fløtre til. I fjor var det 15 bedekningar, ni frå Sunnfjord, fem frå Nordfjord og ein frå Ørsta. Det er bra og litt betre enn året før. Då var Kamillas Tord den innleigde hingsten.

– I år håpar vi å passere 20, seier dei optimistisk. Fjell Finn blir på Norsk Fjordhestgard til det ikkje er fleire interesserte, truleg i månadsskiftet juli-august. Det daglege stellet av hingsten syter Monica for, medan Dagmund Årdal er på plass for å føre hingsten til hoppa når bedekninga skal skje.