Hovudutval for opplæring.

Firda vgs. får ei idrettsklasse til

Hovudutval for opplæring i fylkeskommunen har i dag vedteke at det blir oppretta ei ekstra 1. klasse idrettsfag ved Firda vidaregåande skule komande skuleår.

Eit samla utval står bak vedtaket, som vart gjort utan debatt.

Det vart også vedteke at Vg2 data- og elektronikk ved Eid vidaregåande skule blir vidareført. Skulen på Nordfjordeid mister derimot ei av dei to Vg1-klassene i studiespesialisering.

Hovudutvalet vedtok slike justeringar av det opphavleg utlyste tilbodet:

Sogndal vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:
• Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert redusert f rå 5 til 4 grupper
• Vidaregåande trinn 2 byggteknikk vert redusert frå 3 til 2 grupper
• Vidaregåande trinn 3 dataelektronikar vert redusert frå 2 til 1 gruppe

Flora vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:
• Vidaregåande trinn 2 sal, service og sikkerheit vert ikkje sett i gang

Firda vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:
• Vidaregåande trinn 1 idrettsfag vert auka frå 1 til 2 grupper

Mo og Øyrane vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

• Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert auka frå 3 til 4 grupper
• Vidaregåande trinn 1 restaurant - og matfag vert redusert frå 2 til 1 gruppe
• Vidaregåande trinn 2 anleggsteknikk vert auka frå 1 til 2 grupper
• Plasstalet på vidaregåande trinn 2 køyretøy vert auka frå 6 til 9

Eid vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:
• Vidaregåande trinn 1 studiespesialisering vert redusert frå 2 til 1 gruppe
• Vidaregåande trinn 2 interiør - og utstillingsdesign vert redusert frå 1,5 til 0,5 gruppe
• Plasstalet på vidaregåande trinn 1 elektro vert auka frå 12 til 15


Stryn vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:
• Vidaregåande trinn 1 bygg - og anleggsteknikk vert auka frå 1 til 2 grupper
• Vidaregåande trinn 1 helse - og oppvekstfag vert auka frå 1 til 2 grupper

Dale vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:
• Vidaregåande trinn 1 helse- og oppvekstfag vert auka frå 1 til 2 grupper

Måløy vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:
• Plasstalet på YSK-tilbodet vert auka frå 12 til 16 for å styrke YSK-tilbodet innanfor helsearbeidarfaget

Det at eit tilbod ikkje kjem i gang komande skuleår, betyr ikkje at det vert lagt ned. Hovudutvalet skal vurdere tilbodet på nytt når dei skal vedta opplæringstilbodet for neste skuleår i november.

Fylkesdirektøren for opplæring får også fullmakt til å disponere ei gruppe etter første inntak.

Hovudutvalet ber vidare fylkesrådmannen å greie ut korleis fylkeskommunen i næringsarbeidet kan støtte opp under bransjar med rekrutteringsutfordringar i yrkesfaga. Her viser utvalet til innspel frå fagopplæringsnemnda.