Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Finn.no toppar omdømmemåling

Finn.no toppar omdømmemålinga Traction Noreg 2023, der 50 store verksemder er vurderte gjennom eit heilt år.

– Finn.no imponerer. Ikkje berre får dei den høgaste emosjonelle skåren, men dei skårar også svært bra på omdømmedrivarane leiing, klima, etikk og opplevd verdi for pengane, seier administrerande direktør Ole Christian Apeland i Apeland, som står bak målinga.

Apeland trekkjer fram at Finn.no har svært god kommunikasjon med publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei utviklar seg heile tida, men ikkje raskare enn at kundane heile tida oppfattar marknadsplassen som velkjend og trygg.

I ei pressemelding seier Finn-leiar Eddie Sjølie at å vinne denne målinga er eit bevis på at dei lykkast med å levere eit godt produkt.

– Som Noregs største marknadsplass har dei aller fleste nordmenn eit forhold til Finn og dette inneber eit ansvar alle som jobbar her kjenner på, seier Sjølie.

Tine, Vinmonopolet og NRK følgjer hakk i hæl med skår på over 80 og «svært godt omdømme» i befolkninga.

Facebook ligg derimot heilt nedst på lista. Også McDonald's, Fjordkraft og Noregsenergi har botnplasseringar. (©NPK)