Fin framgang for Firda Tidend

Firda Tidend auka opplaget sitt i andre halvår 2023 samanlikna med same periode året før.

Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landslaget for lokalaviser (LLA) offentleggjorde onsdag nye opplagstal for aviser og magasin.

– Er audmjuke og takksame

Firda Tidend har no eit godkjent opplag på 3.051, ein vekst på 55 samanlikna med andre halvår 2022. Dette er det høgste opplagstalet avisa har hatt sidan 2011.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er sjølvsagt svært gledelege tal i det som er krevjande tider for mediebransjen. Tingarar og lesarar er grunnlaget for å drive avis, og at fleire vel å abonnere på Firda Tidend er vi audmjuke og takksame for. Vi har ei svært stabil og stødig lesargruppe som gjer at vi kan ha ei eiga lokalavis for Gloppen og Jølster, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad og takkar dei tilsette som arbeider hardt for å lage eit best mogleg produkt.

Krevjande tider

Han legg ikkje skjul på at det kan vere tøft å drive ei lita lokalavis.

– Absolutt. Mediebransjen har vore under press i mange år. Den digitale utviklinga har gjort kampen om folk si merksemd og tid mykje hardare, og dyrtida ein er inne i gjer at mange må snu på kronene og ikkje lenger kan ta seg råd til å abonnere på aviser og magasin i like stor grad som tidlegare. På toppen av det heile kjem ein fallande annonsemarknad. I sum gjer dette situasjonen utfordrande, men samstundes ser vi at lokalavisene framleis står svært sterkt, og dei er kanskje viktigare enn nokon gong for å få ut relevant og rett informasjon til innbyggjarane i den informasjonsjungelen som er i samfunnet i dag, seier Gloppestad.

Vekst i Nordfjord

Også dei andre lokalavisene i Nordfjord har vekst i opplaget sitt i andre halvår 2023.

Fjordenes Tidende har ein vekst på 145, og har no eit godkjent opplag på 4.780.

Fjordingen aukar frå 3.902 til 3.992 (+90), medan Fjordabladet aukar frå 3.172 til 3.240 (+68).

Dei andre avisene i tidlegare Sogn og Fjordane fylke har nedgang i opplagstalet. Størst er nedgangen for Firda, som har gått frå 11.298 til 10.989 tingarar (-309).

Sogn Avis har ein nedgang på 108, til 9.505, Ytre Sogn Avis går ned med 83, til eit opplag på 1.179, medan Porten.no går frå 1.664 til 1.641 (-23).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Står sterkt

Totalopplaget for dei over 110 lokalavisene som er tilknytta LLA aukar med dryge 2000 samanlikna med same periode i 2022, ein auke på 0,6 prosent. Rundt halvparten av LLA sine lokalaviser går fram, rundt halvparten tilbake.

– Det er gledeleg å sjå at lokalavisene står sterkt mellom folk landet rundt. Dei stabile opplagstala våre viser at redaktørstyrte lokalaviser lagar journalistikk som er verd å betale for. Lokalavisene er også ein nyttig marknadskanal for nasjonale og lokale annonsørar, seier LLA sin generalsekretær Tomas Bruvik i ei pressemelding.