Direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, seier FHI vurderer å tilrå ein fjerde dose også for folk utanfor risikogruppene, i første rekke personar mellom 45 og 64 år. Foto: Beate Oma Dahle/NTB/NPK.

FHI vurderer om fleire skal få fjerde dose med koronavaksine

Folkehelseinstituttet vurderer om fleire enn personar i risikogruppene skal få tilbod om ein fjerde dose med koronavaksine. Det gjeld dei mellom 45 og 64 år.

Det stadfestar FHI-direktør Camilla Stoltenberg overfor TV 2.

– Det er ikkje sett ein tidsfrist på oppdraget, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er det dei som er i risikogruppene, som bebuarar på sjukeheim, alle over 65 år og personar mellom 5 og 64 år med ein eller fleire definerte sjukdommar eller tilstandar som gir auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp og død, som får den fjerde dosen.

(©NPK)