Folkehelseinstituttet (FHI) vurderer no om barn bør vaksinerast. Konklusjonen kjem i juni. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

FHI vurderer å vaksinere barn

Pfizer og Moderna testar koronavaksinen på barn ned til seks månader. Barnelege Astrid Rojahn meiner barn bør få vaksinen i Noreg.

Folkehelseinstituttet (FHI) vurderer no om barn bør vaksinerast. I dag er det ingen friske under 18 år som får tilbod om koronavaksine.

– Vi konkluderer kanskje i juni, seier FHI-overlege Preben Aavitsland til Aftenposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deretter må regjeringa ta stilling. Ein viktig grunn til at barn ikkje har fått vaksinen, er at dei er svært lite utsette for alvorleg sjukdom som følgje av covid-19.

– Formålet med vaksinasjon er i første rekkje å verne dei som blir vaksinerte, seier Aavitsland.

Det europeiske legemiddelbyrået EMA vurderer å godkjenne Pfizer-vaksinen til barn mellom 12 og 15 år. Det er Astrid Rojahn, barnelege ved Oslo universitetssjukehus, Ullevål, positiv til. Ho ser berre fordelar ved at også barn blir vaksinert.

– I starten såg det ut til at barn spelte ei svært lita rolle som smittespreiarar. Det har endra seg med dei muterte virusa. Vi ser no dessverre at barn òg kan spreie smitte, seier ho.

(©NPK)