Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet seier dei vil komme med ei ny oppdatering om AstraZeneca-vaksinen fredag. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB/NPK.

FHI varslar ny vurdering av AstraZeneca-vaksinen fredag

FHI kjem fredag med ei ny vurdering om vegen vidare for koronavaksinen frå AstraZeneca, som har vorte knytt til sjeldne blodproppar og dødsfall.

– Nokre av desse undersøkingane er tidkrevjande, men vi jobbar så raskt vi kan. Det er viktigare med ei riktig enn med ei rask avgjerd, skriv overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet (FHI) i ein e-post til NTB.

Førre veke konkluderte EUs legemiddeltilsyn med at vaksinen er trygg, men norske styresmakter valde å vente med å eventuelt ta vaksinen i bruk igjen. FHI-direktør Camilla Stoltenberg sa at det ville ta minst ei veke før dei konkluderer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aavitsland fortel at dei no arbeider langs fleire aksar.

Mellom anna sjekkar dei Pasientregisteret, som dekkjer alle sjukehusinnleggingar i Noreg, for å sjå om det kan ha vore fleire liknande tilfelle som ikkje er oppdaga.

– Vi samarbeider òg med ekspertar i mellom anna blodsjukdommar, immunologi og virologi for å forstå kva som er mekanismen bak denne sjukdommen, og korleis AstraZeneca-vaksinen eventuelt kan ha bidrege til hendingane, seier han.

Fleire dødsfall

Til saman har Noreg oppdaga fire tilfelle der personar har døydd av blodpropp etter å ha fått AstraZeneca-vaksinen. Dei siste dødsfalla vart kjende søndag. Pasientane har hatt få blodplater og blødingar.

– Vi undersøkjer førekomsten av denne tilstanden i den norske befolkninga for å undersøkje om det er vanlegare å bli ramma av dette i vekene etter AstraZeneca-vaksinasjon. Her koplar vi saman informasjon frå Pasientregisteret som dekkjer alle sjukehusinnleggingar og Vaksinasjonsregisteret, seier Aavitsland.

Fleire andre land har rapportert om liknande tilfelle, og norske helsestyresmakter samarbeider med nordiske kollegaer, som gjer liknande undersøkingar. I tillegg kjem det informasjon gjennom Legemiddelverket og Det europeiske legemiddeltilsynet.

Fleire spørsmål

Aavitsland opplyser at det er særleg tre svar dei søkjer:

– 1. Er det verkeleg auka risiko for denne tilstanden etter AstraZeneca-vaksinasjon? 2. Kva er i så fall årsaksmekanismen? 3. Er det i så fall nokon faktorar hos pasientane (alder, kjønn, annan sjukdom) som kan ha medverka til tilstanden?

Artikkelen held fram under annonsen.

Førebels er det mange som har teke første dose av vaksinen, og som lurer på kva som skjer med vaksinedose to. Dette er òg eit spørsmål FHI skal ta stilling til.

(©NPK)