Fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet (FHI). Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

FHI trur smitteverntiltaka har komme for å bli

Under eit heilt år med pandemi har over 770 døydd av eller med koronaviruset i Noreg. Men så langt i år er det registrert om lag 800 færre dødsfall enn på same tid i fjor. Folkehelseinstituttet trur søkjelyset på smittevern kan vere noko av grunnen.

Dei tre første månadene av 2021 har det døydd om lag 800 færre personar enn på same tid i fjor. Folkehelseinstituttet trur langtidseffekten av nedstenging og smittevernreglar kan vere noko av grunnen, skriv NRK.

– Vi har ikkje fått nokon normal influensaepidemi, og andre infeksjonssjukdommar har gått ned, som i sin tur påverkar andre betydelege dødsårsaker som kols og hjartesjukdom, seier fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet til kanalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han forklarer at meir effektive smitteverntiltak kan gi ein nedgang i andre kroniske sjukdommar. Han har difor tru på at smitteverntiltak som å vere meir nøye med hygiene, hoste i olbogen og å vere heime når ein har symptom, har komme for å bli.