Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet seier at FHI no har snudd og tilrår at ein tredje dose med koronavaksine blir gitt før influensavaksine. Foto: Tor Erik Schrøder/NTB/NPK.

FHI tilrår å prioritere tredje dose med koronavaksine

Folkehelseinstituttet snur og tilrår no å prioritere tredje dose med koronavaksine framfor influensavaksinasjon til personar over 65 år i Noreg.

Heilomvendinga kjem éin månad etter at FHI tilrådde det motsette, og kjem fram i eit brev sendt til kommunane, helseføretak og statsforvaltarar.

Årsaka til at FHI har snudd, er at spreiinga av influensavirus lèt vente på seg, medan spreiinga av covid-19 aukar raskt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet seier til Dagbladet at omprioriteringa i mange kommunar ikkje vil vere noko problem.

– Dersom ein kommune har avgrensa vaksinasjonskapasitet, ber vi dei først vaksinere eldre over 65 år med oppfriskingsdose med koronavaksine før dei vaksinerer dei same med influensavaksine, seier Aavitsland.

(©NPK)