– Jo lenger tiltak blir behalde, jo lenger varer epidemien, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

FHI-tilråding: Trapp ned tiltaka

Det er ingen veg utanom å trappe ned tiltaka og møte vinterbølgja til pandemien, meiner FHI-direktør Camilla Stoltenberg.

I si risikovurdering tilrår Folkehelseinstituttet (FHI) ein gradvis, men rask nedtrapping av tiltaka. Det kan gjerast utan at sjukdomsbyrda vil auke betydeleg i eit lenger perspektiv, heiter det i rapporten.

– Vi seier dette no sjølv om vi står framfor ei betydeleg bølgje, fordi vi må erkjenne at det neppe er nokon veg utanom. Vi kan ikkje berre skyve epidemien framfor oss, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre–fire millionar smitta

Samtidig viser FHIs modelleringar at smitten kan komme til å auke kraftig i nokre veker til. Toppen blir venta å komme i siste halvdel av februar eller første halvdel av mars.

Ifølgje anslaga kan tre–fire millionar menneske bli smitta i løpet av vinteren, 12.000-13.000 må på sjukehus. Avhengig av tiltaksnivå kan det bli frå 25 til 300 nye sjukehusinnleggingar og mellom 40.000 og 125.000 nye smitta per dag, ifølgje FHI.

– Jo lenger tiltak blir behalde, jo lenger varer epidemien, seier Stoltenberg.

Ifølgje FHI er det fleire forhold som gir grunnlag for å endre handteringa av pandemien her til lands. Mellom anna er spreiingsevna til omikronvarianten så stor at ei betydeleg bremsing av smitten no vil krevje svært strenge tiltak over tid.

– Ingen veg utanom

Dessutan er tiltaksbyrda betydeleg, tiltaka kostar mykje, og byrda av tiltaka er for mange verre enn det sjukdommen ville vore, skriv FHI i rapporten.

I tillegg har mange no ganske fersk oppfriskingsdose og svært godt vern mot alvorleg sjukdom.

– For dei er det betre å bli smitta no enn seinare, skriv FHI, som er klare på at tiltaka med størst tiltaksbyrde for barn og unge bør fjernast først.

Meir kompleks

Handteringa av pandemien er no meir kompleks enn før. Hovudproblemet er den akutte sjukdomsbyrda og belastninga på sjukehus og helsetenesta i kommunane, og dessutan andre viktige og kritiske tenester i samfunnet som følgje av personellfråvær, heiter det i rapporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samtidig tilrår FHI at pandemien framleis blir overvakt nøye. Slik kan ei uheldig utvikling eller nye variantar bli tidleg oppdaga, og ein kan justere tiltaka dersom det skulle bli nødvendig.

(©NPK)