Direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet. FHI har kome med ei oppsummering av koronapandemien i Noreg. Foto: Ali Zare/NTB/NPK.

FHI: 6 prosent av befolkninga i Noreg har vorte smitta med koronaviruset

Hittil har rundt 332.000 nordmenn, eller 6 prosent av befolkninga, vorte smitta med koronaviruset, anslår Folkehelseinstituttet.

– Oslo og Viken har stått for 61 prosent av alle melde tilfelle så langt, og hatt ei betydeleg tiltaksbyrde samanlikna med resten av landet, skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i oppsummeringa si av koronapandemien.

Sjølv om Noreg har komme godt ut av pandemien, har enkelte grupper vorte spesielt ramma.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mykje tyder på at dei negative konsekvensane av stengde skular under pandemien ikkje er jamt fordelt og spesielt har ramma nokre allereie sårbare grupper barn og unge, skriv dei.

(©NPK)