Fengsla for valdsbruk

Ein mann frå ytre Sunnfjord er dømd til 14 månader i fengsel for fleire tilfelle av familievald.

Inkludert i straffa er også straff for å ha spytta på ein politibetjent, bore kniv og luftpistol på offentleg stad og vore teken med hasj.

Fjordane tingrett hadde føre seg ein tiltale på tolv punkt då saka mot sunnfjordingen var oppe, dei fleste handla om mishandling og vald av den dåverande sambuaren.

I perioden november 2015 til august 2016 vart sambuaren utsett for ei lang rekke fysiske overgrep og truslar. I retten endra fornærma forklaring og sa at tiltalte ikkje var valdeleg, at ho ikkje ønska han dømd, og at ho sjølv var ei «drama queen» som hadde provosert fram dei handlingane som tiltalte stod i retten for.

Tingretten meinte at det likevel var gode bevis for tiltalen, og støtta aktor på domfelling. Samtidig meinte den at forklaringar i rettssaka gjorde at formildande omstende kunne redusere aktor sin påstand om 18 månader fengsel med fire månader.

Til fråtrekk for fengselsstraffa på 14 månader kjem 161 dagar som tiltalte alt hadde vore i varetekt.