Kuldebølgja som har lagt seg over store delar av Noreg og Sverige, får skulda for prisauken, saman med avgrensingar i kapasiteten til straumnettet. Foto: Paul Kleiven/NTB/NPK.

Femdobling av straumprisen måndag morgon

Måndag hoppa straumprisen til 2,60 kroner per kilowattime på få timar. Kulda kostar nordmenn dyrt.

Prisane starta på 50 øre per kilowattime ved midnatt natt til måndag, for så å stige til 2,60 i 8-tida. Dei skal falle litt utover dagen, men stig til 2,60 igjen på ettermiddagen, heiter det i ei pressemelding frå straumselskapet Tibber.

Kuldebølgja som har lagt seg over store delar av Noreg og Sverige, får skulda, saman med avgrensingar i kapasiteten til straumnettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er sjeldan vi ser slike ekstreme sprang i straumprisane. I desse tilfella kan ein gjere noko heilt enkle grep for å komme billegare unna om du er på ein såkalla spotpriskontrakt. Det er å bruke straum litt smartare gjennom dagen, seier administrerande direktør Edgeir Aksnes i Tibber.

(©NPK)