Fem nye smittetilfelle onsdag

Fem nye personar har onsdag fått påvist covid-19-smitte i Stad kommune. Til saman 22 personar er påvist smitta i samband med det pågåande utbrotet.

Tysdag 9. mars vart over 200 personar testa. Mange av desse er elevar og tilsette i klasse 1B ved Nordfjordeid skule og klasse 9B ved Eid ungdomsskule som vart sette i karantene fordi ein elev i klassen fekk påvist smitte måndag. I tillegg testa ein tysdag andre nærkontaktar til smitta personar utan kopling til skulane, elevar i parallellklasser på niande trinn ved Eid ungdomsskule og andre innbyggjarar som på vanleg måte tok kontakt for testing på grunn av symptom på sjukdom.

– Svar på prøvene viser at det ikkje er funne overført smitte til andre elevar i dei to klassene som er i karantene (1B og 9B). Ein ventar framleis på svar på tre av prøvene i 9B, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressemelding onsdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er heller ikkje påvist smitte blant elevar i klassane 9A, 9C og 9D på Eid ungdomsskule. Desse elevane kan gå ut av ventekarantene når dei har fått negativt prøvesvar. Ein ventar framleis på svar på ei prøve i 9A og ei prøve i 9D.

Prøvesvar viser elles at fem nye personar har testa positivt. Alle desse har vore i karantene fordi dei er nærkontaktar til kjende smitta. Fire av dei fem er i same husstand som ein tidlegare smitta. Dette har gitt eit mindre tal nærkontaktar som vert sette i karantene og testa på vanleg måte. Smittetilfella fører ikkje til nye karantenetiltak inn i skule eller barnehage.

Svar på mutasjonsanalyse av viruset ligg framleis ikkje føre.

– Framleis har alle smittetilfella ei kjent kopling til kvarandre, og ein har etter omfattande smittesporing og testing dei siste dagane fått kartlagt situasjonen relativt godt. Oppfølging av nye smitta og deira nærkontaktar vil halde fram etter same modell. Onsdag har ein testa omkring 130 personar. Dette er i hovudsak personar som er testa på grunn av symptom, og ein mindre del nærkontaktar knytt til dei som fekk påvist smitte tysdag, opplyser Vingen Vedeld.