Liv Signe Navarsete.

Fellesskapen i Noreg

For 72 år sidan vart Noreg igjen ein fri og sjølvstendig nasjon. På ein slik dag vil eg sende varme tankar og ærbødig takk til alle som kjempa for fedrelandet vårt.

Dei norske soldatane som kjempa under 2. verdskrig hadde ein ting til felles: Dei sette fellesskapen i Noreg framfor seg sjølv. Dei var viljuge til, og mange enda med, å ofre sitt eige liv for nasjonen si overleving og fridom.

Sikkerheitsbiletet i verda er annleis i dag enn for få år sidan. Berre dei siste åra har me sett krig i Europa, me har observert ulike typar hybrid krigføring og me har opplevd omfattande terror. Alt dette gjer at Noreg må styrkje vårt forsvar.

General H. R. McMaster, en av vår tids mest respekterte militære strategar og nasjonal sikkerheitsrådgjevar i USA, har slått fast følgjande: Me har aldri lukkast i å føreseie framtidas krigar. Under sitt besøk i Noreg i fjor konkluderte McMaster også med at trongen for soldatar på bakken vil bli større, ikkje mindre, i åra framover.

Senterpartiet er spesielt opptekne av at Noreg må styrkje Hæren, Heimevernet og kystforsvaret. Det er fordi me treng eit forsvar som gjer oss i stand til å takle eit breitt spekter av kriser. Uansett om me står ovanfor eit press mot norsk grense, press mot våre naturressursar, infrastruktur eller sentrale nasjonale institusjonar, omfattande terroråtak eller i verste fall invasjon, må vi me ha folk over hele Noreg som er viljuge til å slåss for landet sitt.

Om Noreg hamnar i krig, vil det truleg vere del av ei større konflikt der fleire land er under åtak. Noreg må ikkje stille seg i ein situasjon der me einsidig har satsa på missilforsvar, samstundes som me svekkjer forsvarsgreina det tek lengst tid å få alliert støtte til - landmakta. 

For Senterpartiet er verneplikta berebjelken i Forsvaret. Den er ein demokratisk grunnmur for Forsvaret som sikrar rekrutteringsbasen. Ordninga sikrar tilstrekkeleg rekruttering til Forsvaret frå alle samfunnslag og landsdelar.

Verneplikta gjer at ungdom frå heile landet, med heilt ulik bakgrunn, arbeider saman eit heilt år med eitt mål for auga, å sikre Noreg som eit fritt og sjølvstendig land. Senterpartiet vil auke det årlege inntaket av vernepliktige. Det kan til dømes gjerast ved å innføre seks månaders HV-utdanning.

Noreg har fleire erfaringar frå 2. verdskrig. Ei viktig erfaring er at det nyttar å slåss. I slaget om Narvik var Noreg det første landet som klarte å vinne att område som tyskarane hadde okkkupert. Like fullt er lærdomen frå Narvik også ein annan: Då me først fekk alliert hjelp, var det for lite, for seint.

Då Nederland og Frankrike vart invadert, trappa våre allierte ned hjelpa. Me må ikkje hamne i same situasjon igjen. Det er viktig at Noreg lever opp til våre plikter ovanfor NATO om å styrke vårt eige forsvar.

Noreg treng eit sterkt nasjonalt forsvar og eit sterkt NATO som kan sikre fred.

Liv Signe Navarsete
Utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet