Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Fekk ordre om å ta pause

Måndag kveld stoppa politiet ein bil som vingla i vegen mellom Naustdal og Førde.

I bilen fann dei ein sliten førar, og han fekk ordre om å ta seg eit kvarters pause.



To personar vart sendt til legevakt for kontroll etter eit trafikkuhell ved Elvegården i Førde. To bilar var involvert i hendinga.



Seint søndag kveld vart ein berusa mann i 20-åra bort frå dansegallaen på Skei. Han var alt uønska på arrangementet, og til slutt henta av foreldre.

Same kveld måtte politiet avslutte ein fest i Florø etter ordensuroing i ein privat bustad søndag kveld.



Ei kvinne vart sendt med luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus og ein mann vart sendt til lokal legevakt etter eit trafikkulukke i Sogndal søndag ettermiddag. Bilen dei sat i hadde hamna i grøfta på høgre side i ein venstresving. Ut i frå observasjoner og åstadsundersøking kan det sjå ut som at førar kan ha vore uoppmerksam då ulukka skjedde, melder politiet. Vegen var stengt ein periode etter ulukka



I Stryn sentrum fekk ein bileigar forenkla førelegg for ureglementert sota bilrute søndag.