Illustrasjonsfoto Jølster omsorgssenter - Skei.

Fekk berre éin søkjar til fire ledige sjukepleiarstillingar

– Den siste tida har vi opplevd at det er vanskeleg å rekruttere sjukepleiarar. Vi må arbeide for at det blir interessant å kome til oss, seier kommunalsjef Kirstin Bruland i Jølster kommune.

Nyleg lyste Jølster kommune ut fire heile, faste stillingar som sjukepleiar ved Skei omsorgssenter. Søknadsbunken var tynn – svært tynn. Berre éin person søkte. Det skaper utfordringar framover.

Auka løn

– Vi har slite med rekrutteringa tidlegare òg. Denne gongen prøvde vi å samle fleire småstillingar i heile stillingar for å sjå om det ville hjelpe på søkninga, seier Kirstin Bruland og kan berre konstatere at utfallet ikkje er blitt som ein håpte.

Også andre rekrutteringstiltak er sette i verk.

– Vi har auka løna til nyutdanna sjukepleiarar, slik at desse får løn tilsvarande seks års ansiennitet. Dette har ikkje hatt effekt inne på omsorgssenteret, seier ho.

Les meir i papirutgåva fredag.