Under jubileumsbasaren underheldt Breim skulekorps i lag med Sandane skulekorps.

Feira 50 år med speleglede i Breim

– Det er dette som er betalinga for det vi driv med – når vi høyrer kor fint det blir og vi ser at ungane kosar seg når dei spelar, seier Bernt Reed, leiar i Breim skulekorps. Søndag inviterte skulekorpset i bygda til basar og feiring av at korpset har runda 50 år.

50-årsjubileet til Breim skulekorps vart markert med mykje flott musikk frå scena i Breimshallen. Publikum fekk høyre Breim skulekorps i lag med Sandane skulekorps i to omgangar. Dei både opna og avslutta basaren. Gloppen Janitsjar stilte også opp på festen og gjorde ære på jubilanten.

Musikalsk fest

– I fjor haust var vi med på Yebo-prosjektet i lag med dei andre korpsa i kommunen. Då fann vi ut at det var lurt å utsetje jubileet eit år, elles ville det bli for mykje for musikantane våre. I dag inviterer vi til jubileumsbasar. Dermed held vi på tradisjonen med å ha ein basar på hausten, og så har vi invitert vener til ein musikalsk fest, seier Bernt Reed.

Han har sjølv spelt i korpset og gler seg over at det no er 50 år.

– Vi var så heldige å ha ein lærar i Breim som heitte Dagfinn Myklebust. Han gjekk i bresjen for korpset på 1960-talet, i lag med dei som dreiv Breim hornmusikk. Anton Jordanger var også ei av drivkreftene. Dei etablerte skulekorpset i november 1964. I starten øvde korpset på Bergheim grendehus. I 1984 hadde vi 20-årsjubileum, og då bestod korpset av 49 musikantar pluss drilljenter. I dag har vi berre tolv musikantar. Interessa vil alltid svinge, men vi merkar at konkurransen om ungane er svært stor, seier han.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.