Feil om flyplass

Er det nokon som hugsar E-39 debatten? Då sa både samferdsleministeren og andre at flyplasstruktur berre var aktuelt å sjå på dersom det vart større endringar i infrastrukturen, for vår region sin del galdt det om midtre alternativ vart valt. Det ville i så fall ha gjeve mykje kortare reisetid mellom Anda, Hovden og Vigra, og aktualisert ein flyplassdebatt. Som alle veit gjekk det verken som statsråden eller vi ville. Og vi reknar no med at samferdsleministeren, om regjeringa sit så lenge at han skal behandle saka, står ved det som var sagt, og at det ikkje er aktuelt å sjå på flyplassar utan ein heilt ny infrastruktur i regionen. Ein kan som kollega Firda seier ikkje køyre på vegar og bruer som ikkje er bygde.

Vi syns dette bakteppet er viktig etter at Avinor no, etter pålegg frå dei same styresmaktene, på nytt skal ha småflyplassane under lupa. Dei skal vel bli meir robuste, det er regjeringa sitt nye ord for å legge ned store deler av landet. Så travelt har Avinor fått det at dei køyrde fram denne saka på eit vanleg rutemøte sist veke, og presenterte eit tidsskjema som provoserte småflyplasskommunane kraftig. Dei hadde også gjort seg tankar om kva flyplassar som skulle vekk, alternativa varierte frå ingen til Anda, i lag med Bringeland eller Sogndal.

Vi veit ikkje kor mange gongar vi har vore gjennom dette, men no må det snart ta slutt. Det slit oss ut. Eit minimum for denne debatten er i alle fall at ein får på bordet edruelege og korrekte tal. Då må ein sjå vekk frå Transportøkonomisk Insitutt sin talbruk, som er heilt meiningslaus og feil. Her kjem Sandane svært dårleg ut. Dei som har fylgt med veit noko av grunnen. I lag med FrP sin Frank Willy Djuvik peika vi i si tid på det merkelege reknestykket som vart brukt ved konsesjonssøknaden for inneverande periode 2012-2016. Vi kan kort repetere det her. I søknaden den gongen kom Florø ut med null subsidiering og Widerøe danka ut DAT, som trengde vel 70 mill. i subsidiering. I staden for hadde behovet for subsidiar auka med over 50 prosent på Anda og over 70 prosent på Hovden, utan at rutetilbodet var nemneverdig utvida. Det enda med at Widferøe fekk flyginga på Florø.

Så får ein kvar tenkje sitt om desse tala. Poenget er at etter dette er rutetilbodet kutta på Sandane lufthamn medan passasjertalet har auka kraftig, og flyplassen har i dag mellom dei høgaste kabinfaktorane, altså flest fulle fly, i landet. Det kostar ikkje meir å lande eller lette her enn andre plassar, so kva slags kvalitetssikring TØI har brukt i sine reknestykke kan ein spørje om. Det heng ikkje på greip, og alle veit det. Nordfjordrådet er mellom dei som er svært kritiske til rapporten og dette talmaterialet, som heilt opplagt er feil. Det heng ikkje på greip, og kan ikkje brukast som grunnlag for ein nedleggingdebatt. Her må nye reknestykke gjerast, i tillegg til å få fram den enorme samfunnsnytten småflyplassane utgjer for næringslivet og private.

Det var difor kortbanenettet vart bygt. For at ein skulle få vekst og utvikling over heile landet, ikkje berre i storbyane. Den nye regjeringa har gjort det til sin politikk å ville bygge ned alt dette, og blir no straffa hardt og fortent for det. Medan dei lærer, er det svært viktig at vi står saman her i fylket og tek vare på dette utruleg viktige statlege tilbodet i våre respektive regionar. Både Nordfjordrådet og fylkeskommunen har kome med sterke og gode uttaler i denne saka.

I staden for å rive ned skal vi byggje heile landet. Då treng vi flyplassane våre!