Feil å selje Fjord1 no

82 prosent av dei som har røysta på spørjeundersøkinga vår på firdatidend.no meiner det er feil å selje Fjord1 no.

Ti prosent meiner det er rett å gjere det, medan åtte prosent har svara at dei ikkje veit. Det kom inn totalt 764 røyster.

No har vi lagt ut eit nytt spørsmål. Denne gongen spør vi om du er samd med Humanetisk Forbund, som vil ha slutt på skulegudstenestene.