Tørke førte til dårlege fôr- og kornavlingar i 2018. No fryktar bøndene ein endå verre tørkesommar. Dette biletet er frå Telemark i august i 2018. Foto: Berit Roald/NTB/NPK.

Fare for ny tørkesommar i Sør-Noreg

Det er allereie svært tørt mange stadar i Sør-Noreg og dei neste to vekene er det ikkje varsla ein einaste regndrope. Bøndene fryktar ein ny sommar som i 2018, då fôr- og kornavlingane vart elendige.

Meteorolog Kristian Gislefoss seier til NRK at dei ser mange likskapar mellom vêret i 2018 og no. Då var også våren veldig kald, før sommaren kom i mai. Våren var kald i år også, mai var usedvanleg turr på Austlandet og så kom varmen. Prognosane for dei neste 10–15 dagane er varmt og turt vêr.

– Vi har eit høgtrykk som har plassert seg i nærleiken av Storbritannia. Det gjer at Austlandet blir liggjande slik at det ikkje blir nedbør, og slik ser det ut til å halde fram dei neste to vekene. Det blir det mange kallar godvêr, men for andre er det heller dårlege nyheiter – med ein lang periode med turt vêr, seier Gislefoss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bonde Håkon Marius Kvæken i Løten fryktar tørken blir verre i år enn i 2018. Han tør ikkje sleppe dyra sine på beite fordi det er for tørt.

– Dei har kanskje berre fôr i fem eller seks dagar der ute. Så lenge det ikkje er noko gjenvekst tør vi ikkje sleppe, seier han.

Bonden meiner dei burde teke meir lærdom av tørkeåret 2018. Då vart det sagt at ein burde ha litt ekstra fôr å gå på ved å ha nokre rundballar på lager. Problemet er at rundballar er ferskvare, så ein kan ikkje ha dei liggjande i fleire år. (©NPK)