Illustrasjonsfoto. Paul Kleiven/NTB/NPK.

Fare for jordskred på Vestlandet

Tysdag ettermiddag er det fare for jord- og flaumskred på delar av Vestlandet, og NVE har oppjustert farevarselet til gult nivå.

Jord- og flaumkredvarselet inneber mellom anna at det er større risiko for at utsette bane- og vegstrekningar blir stengde, opplyser NVE på nettsidene sine.

Det er meldt stadvis kraftige regnbyer frå tysdag ettermiddag. Bratte skråningar, og bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette. Flaumskred kan gå heilt ned i dalbotnen sjølv om det blir løyst ut høgt i terrenget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom anna Førde, Voss, Odda og Lærdal er i dei utsette områda.

NVE rår folk til å halde stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for grus, søppel, kvist og lauv. Dette fordi tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsake skred.

Faren er venta å minke onsdag morgon. (©NPK)