Fleirtalet i kommunestyret, her representert ved representantane til KrF, SV og Sp, utvida budsjettramma med 130.000 kroner i forhold til rådmannen sitt framlegg.

Fann meir midlar til skulemusikk og bibliotek

Politikarane i Jølster var samde om at rådmannen sitt budsjettframlegg var svært stramt, men tok seg likevel råd til å bruke nokre kroner ekstra på to tiltak dei meiner er svært viktige.

I rådmannen sitt budsjettframlegg var det føreslege å kutte 100.000 kroner i dirigentstøtte til skulekorpsa på Skei og Vassenden, samt redusere opningstida på biblioteka med til saman åtte timar, noko som også ville gje ei innsparing på 100.000. Dette ville ikkje kommunestyret vere med på.

Føreslo gebyrauke

– Alle nyt godt av skulemusikken. Han har ein viktig funksjon, ikkje berre som fritidssyssel for unge i skulealder, men som eit viktig velferdstiltak i grendene våre. Skulemusikken stiller opp på kulturelle tiltak og andre tiltak kommunen, sa Anders Kristian Sægrov (H) og la fram Høgre sine forslag til endringar i driftsbudsjettet.

Partiet ønskte å oppretthalde støtta til skulekorpsa på 100.000, redusere det budsjetterte utbytet frå Sunnfjord Energi med 900.000 kroner og redusere kutta i pedagogikk og spesialpedagogikk i skulane med til saman 250.000 kroner. Dekning av dei auka kostnadene ville dei hente gjennom kutt av stillingar – fortrinnsvis administrative, samt auke av slam- og vassgebyr.

Les meir om kommunestyremøtet i Jølster i papirutgåva fredag.