Ryddegutane Bjørn Grov og Atle Nygård har teke ut årgangsmat frå kjellaren i Skarsteinhuset. No er det levert som spesialavfall til Retura.

Fann litervis med årgangsmat

Dei siste dagane har kjellaren på Skarsteinshuset vorte rydda og gjort klart for ny bruk. Og det er mykje gamalt som kjem for dagen.





Det kan sjå ut som pensjonistane Bjørn Grov og Atle Nygård har slått seg på gatesal av lokalmat, men slik er det ikkje. Dei har rydda i kjellaren i Firda Tidend-huset, og fann hylle på hylle med mat, hermetisert, sylta og safta frå over 70 år tilbake.





– Det eldste vi har funne er nokre glas med hermetiserte plomer frå 1948, og mykje av det som er her har passert 50 år med lagring, seier den tidlegare redaktøren.





Det er ikkje berre frukt og bær som er lagra, også kjøt lagt ned på lake og tatt vare på til seinare, er mellom glasa.





– Det er ein del av dette vi nesten er redde for å flytte på i tilfelle det skulle gå i knas eller rett og slett gå i lufta, seier han.





Av den grunn vart alt definert som spesialavfall, og måndag ettermiddag vart det plukka varsamt ut og henta av Retura i spesialkasser.








Atle Nygård saman med Harald Arne Fure og Per Helge Egge frå Nomil har gjort ein god jobb med å køyre vekk innhaldet i kjellaren.